Etter å ha vunne alle kampane sine i det innleiiande gruppespelet, har samtlige av Hareidslaga vunne var sin 1/16-finale i Norway Cup i for- og ettermiddag. Dei har no alle gått vidare til 1/8-finale i A-sluttspelet og spelar igjen allereie i kveld.

Hareid G14 spelte sin 1/16-finale allereie kl 08.00 i dag tidleg. Dei slo til slutt Frøya Fotball 1-0 etter ein jamn kamp. Det var Filip Andreas Moldskred som scora for Hareid. Gutane frå Hareid er klare for 1/8-finale kl 18.30 mot Frei FK.

Nokre timar seinare, kl. 11.00, spelte Hareid J15/16 mot Oppegård IL 1. Etter 0-0 til pause, hamra Hanna Holstad Grimstad inn 2 mål og gjorde dermed Hareidsjentene til vinnarar. Jentene frå Hareid har så langt i turneringa ikkje eit einaste baklengsmål. Dei møter Fjellhamar til 1/8-finale allereie 17.30.

Deretter var det klart for Hareid J14. Kl. 12.00 var det tid for avspark i 1/16-finalen mot Ravn IL. Etter ein dramatisk kamp med uavgjort til ordninær tid, ekstraomgongar som enda 1-1 og deretter straffesparkkonkurranse, sigra jentene frå Hareid til slutt med stillinga 4-2. Etter det Vikebladet Vestposten kjenner til, redda keeper Kristine Ulstein Bigset heile to straffer under straffesparkkonkuransen. Jentene møter Strindheim IL 2 til 1/8-finale kl 20.30 i kveld.

Til slutt stod 1/16-finalen til Hareid G15/16 for tur. Dei møtte Tiller IL til kamp 14.15 i dag. Hareidsgutane sigra til slutt med heile 3-0 mot Trondheimslaget og er med det, i lag med alle dei andre Hareidslaga, klare for 1/8-finale i A-sluttspelet i kveld. Det er enda ikkje klart kven dei møter til kamp kl. 19.30 i kveld.

Ein eventyrleg innsats av Hareidslaga så langt i turneringa. Gratulerer! Og lukke til vidare.