Hødd gjer som i fjor og tek med seg tre poeng etter ein 1–0 siger på bortebane i serieopninga. Etter ein til dels god førsteomgang blei det tyngre for Hødd etter pause, då Strømmen hadde størstedelen av spelet og dei fleste sjansane.

– Kampen blir litt slik som vi ventar, mykje duellar, tett og tøft. I tillegg er det vanskeleg vind og ei vanskeleg bane. Likevel får vi med oss tre poeng og vi held nullen, fortel Sindre Eid etter å ha sett laget sikre seg sigeren på Romerike.

Hødd tok leiinga etter 17 minutt og hadde sjansar til å få med seg fleire mål før pause, men etter kvilen blei det tyngre.

– Då får vi vinden i trynet og det blir mykje vanskelegare. Vi må slå veldig mykje langt og ballen kjem fort tilbake. Samstundes så vinn vi 1–0 i år, i fjor tapte vi 4–1.

Matchvinnarar i begge endar

Magnus Myklebust returnerte med mål i sin første offisielle kamp etter returen til Hødd.

– Det er kjem for Magnus å kome heim og bli matchvinnar. Han blir viktig for oss og eg er glad for at han er tilbake i klubben, seier Eid. Han legg til at erfaringa frå eit langt liv i toppfotballen som Myklebust tek med seg vil bli viktig for Hødd.

Den eine scoringa frå Myklebust vart til slutt avgjerande for Hødd, men det var mykje takka vere Hødd sin beste spelar mot Strømmen, Aslak Falch. Han varta opp med ei rekkje viktige redningar for Hødd og heldt nullen gjennom 90 minutt pluss tillegg.

– Kampar blir avgjort framom mål i begge endar. Då er det viktig å ha folk som kan avgjere både framover og bakover, meiner Sindre Eid.

Ein av dei som verkeleg fekk merke kampen på kroppen var stoppar Steffen Moltu. Like før pause fekk han ein olboge i ansiktet og då han kom seg opp att mangla ei av fortennene.

– Det går bra med han. Han har fått eit endå finare smil no, ler Sindre Eid.