Førsteomgangen vart jamn, og sjølv om heimelaget aldri var i leiinga, fekk aldri gjestane eit større forsprang enn to poeng. Det var også skilnaden mellom laga då dei gjekk til pause på stillinga 11-13. I andre omgang var det stor forskjell på laga, og gjestane sette ballen forbi Hødd-keeperen heile 21 gongar i løpet av andreomgangen.

Kampen mot Sykkylven/Stranda var den sjette kampen denne sesongen. Laget ligg nederst på tabellen og har enda til gode å ta poeng denne sesongen.

Etter få minutt måtte Ingebjørg Oscarsson ut med eit kutt i panna. Utover i kampen var det fleire spelarar som gjekk ned for telling og måtte forlate bana på grunn av skader. Før kampen var det også fleire spelarar på laget som sleit med skader og sjukdom.

- Det blir nokre situasjonar i kampen som er i overkant tøffe. I dag synes eg ikkje alltid spelarane våre vert godt nok beskytta, og det Sykkylven/Stranda slepp unna med, får vi dømt mo oss, sa trenar Andreas Bjerknes etter kampen. - Vi taper for all del ikkje kampen på grunn av dommarane, men at vi får så mange skader er unødvendig og frustrerande, la han til.Vanskeleg haust

Etter at mange spelarar har enten flytta eller prioritert andre ting, har Hødd kutta ned frå to lag i 4.divisjon til berre eit lag. Bjerknes seier at dei hadde håpa lage skulle vere ein mellomting av dei laga dei hadde med i fjor.

- Vi har framleis eit veldig ungt lag, og denne sesongen har vi ein del spelarar som spelar i nye posisjonar,  forklarer Bjerknes.

Dessverre har det vore ein lei start på haustsesongen for Handballdamene, som står utan poeng etter dei seks første kampane. Ein statistikk som er langt dårlegare enn forventa i følgje trenaren.

Neste kamp er 15.januar. Då møter damene Isfjorden borte i Isfjordhallen. Isfjorden ligg på andreplass i 4.divisjon og har vunne 5 av sine 6 første kampar denne sesongen.