Anita Waage, til vanleg dagleg leiar i Hareid IL, tek no også over som trenar for Hareid IL sitt damelag i fotball. Det skriv Hareid IL Fotball i ei pressemelding.
Der skriv også klubben at ein no gjeninnfører eiga treningsgruppe for damene etter at denne har vore slått saman med J16 dei siste åra for å få nok spelarar.
Hareid IL skriv dette i pressemeldinga:
"Tidlegare har Waage trena ei rekkje lag, i tillegg til å ha jobba i fotballkrinsen og for NFF. Som spelar vart ho verdsmeister med Norge i 1995, i tillegg til å ha tatt fleire seriemeisterskap og cupgull med Trondheims-Ørn. Det er altså ein svært erfaren fotballperson Hareid-damene får som trenar i 2017.
Det kan vel hende det blir sjuarfotball på damene komande sesong. Men på sikt er målet både niar- og 11-arlag. Hareid har hatt svært god rekruttering på jentesida dei siste åra, og tatt fleire aldersbestemte KM-medaljar. Så det er ingen grunn til å sjå seg tilbake. Her er det alle moglegheiter til å få til eit godt opplegg og eit godt lag både på kort og lenger sikt.
Målet for komande sesong er å få med både dei som kjem rett frå aldersbestemt fotball, og dei som ikkje har spelt fullt så mykje siste åra. I tillegg til å få ei gruppe som vil ha sportsleg progresjon, er det også mål om å få eit veldig godt sosialt miljø rundt laget.Når oppkøyringa startar i januar kan alle som vil prøve seg kome innom treningane, som innleiingsvis vil gå i Hareidhallen. Alle er velkomne, nye som gamle. Dei som treng informasjon om treningstider og liknande kan sjekke facebooksida til damelaget, eller kontakte Anita Waage direkte.
Hareid IL Fotball sitt sportslege utval ved Lars Roar Holstad seier seg godt nøgde med å ha på plass Anita Waage som hovudtrenar. Dette er den absolutt beste løysinga laget kunne fått. Korleis resten av støtteapparatet vil sjå ut kjem ein tilbake til seinare."