Sykkylven slo Vigra/Godøy heile 10-0, og med det vart Hareid nummer tre i si kvalifiseringsgruppe. Og sidan Herd og Volda spelte 3-3, er Hareid klare for spel i 1. divisjon, melder Hareid IL på nettsidene sine, der det heiter vidare: - Endeleg kunne Hareid sitt gutelag få marginane på si side då det skulle avgjerast om kva lag som skulle delta i 1. divisjon for gutelag 2007. Etter 1-5 for Bergsøy og 1-4 for Sykkylven (Samt 3-2 over Govi) og ein samla målforskjell på 5-11, var det vel få som skulle tru at dette ville halde til ein plass blant dei gjævaste på dette nivået. Det som i alle fall var sikkert, var at Hareid max kunne bli nummer 3 i si pulje, og var då avhengig av at andre lag gjorde jobben for Hareid. Hødd har tidlegare kvalifisert seg for 1. divisjon i denne årsklassa.