I løpet av torsdagen vart Hødd G16, Hødd J19 og Hødd J14 på rekke og rad slått ut av A-sluttspelet. Hødd J16 kom seg vidare til kvartfinalen etter å ha slått Klepp 1-0 i 1/8-delsfinalen. Men i kvartfinalekampen mot Radar fredag formiddag tapte Hødd-jentene altså 0-1. Dermed var alle lokale lag ute av A-sluttspelet. Det andre lokale laget som enno hadde arbeid å gjere i Oslo fredag, Hasundgot J16 (sjuar), tapte B-sluttspelfinalen etter å ha slått Helle/Sannidal 4-0 i kvartfinalen og Lærdal 3-0 i semifinalen Hødd sitt gode gutelag (G16) møtte det brasilianske laget Pequeninos i 1/16-delsfinalen av A-sluttspelet torsdag. Brassane vart som venta for sterke og vann 2-0. Tapte gjorde også Hødd J14 sjuarlag - 0-1 - for Øygard i 1/8-delsfinalen av A-sluttspelet. Også Hødd J19 møtte overmakta og tapte 3-5 for Grei/Linderud/LG i første A-sluttspelrunde. Hødd J16 kom seg til 1/8-delsfinalen etter å ha slått ut Haugar (1-1 ved ordinær tid, Hødd vann straffekonkurransen). I 1/8-delsfinalen vann Hødd 1-0 over jærlaget Klepp. * Den første meldinga frå Norway Cup torsdag føremiddag gjekk ut på at Hødd G14 hadde slått Nordstrand 3-1 1/8-delsfinalen i B-sluttspelet. Laget skulle møte Kopervik i kvartfinalen klokka 15.55. Den kampen vann Kopervik på straffespark etter 1-1 ved ordinær tid.