Magnus Mar Ludviksson scora for andre kamp på rad, medan Joachim Magnussen var matchvinnar i 1-2-sigeren over SIF laurdag. Foto: Hans-Olav Rise

- Vi har vel 8-2 i målsjansar, men vi visste at vi måtte vente på sjansane. Heldigvis kom dei, og vi vinn fortent. Det er alltid vanskeleg på Siffen, og i dag var det vanvittig deilig å få med seg tre poeng, jubla Nilsen etter kampslutt.

For sjansane kom, men det lot vente på seg. Hødd dominerte ein heller traust og sjansefattig første omgang mot Skarbøvik på Siffen. Det nærmaste ein kom, var då Joachim Magnussen sette ballen i mål, men Erik Sandal hadde hatt ballen over dødlinja før han la inn. Hødd var også frampå ved cornerar og nokre innlegg, men headinga gjekk dessverre over og utanfor.

I andre omgang vart det derimot andre bollar. Hødd opna med eit brak, og ein enorm dobbelsjanse, etter berre eit minutt, burde enda i scoring til Hødd. Erik Sandal spelte Joachim Magnussen gjennom, men Ole Christian Rørvik i SIF-buret, redda fint. På returen spelte Magnus Mar Ludviksson inn til Sandal, som på halv volly skaut like over.

9 minutt ut i andre omgang kom derimot den fortente borteleiinga. Erik Sandal kriga seg forbi fleire SIF-spelarar, før han trilla ballen vidare til Mar Ludviksson. Tomålsscoraren frå kampen mot Rosenborg 2 gjorde ingen feil åleine med keeper, og banka inn 0-1 i det 54 minutt. Dessverre varte ikkje gleda for dei mange tilreisande Hødd-supportarane lenge. 5 minutt etter 0-1-scoringa, fekk SIF innkast på venstresida. Innkastet enda i eit dårleg skot frå Marcus Liavåg. Skotet var til innlegg, og på bakerste stolpe poppa innbyttar Kenneth Diallo opp og beina inn 1-1.

Leiing og spenning

Etter utlikninga vart det jamnt ein liten periode, før Hødd igjen kom seg på rett spor. Bendik Torset fekk med seg ballen på høgresida, slo inn, og på første stolpe kom Joachim Magnussen i stor fart. Han pirka inn ballen med høgrefoten til 1-2 og ny borteleiing i det 68 minutt.

Etter målet jaga SIF utlikning, medan Hødd var farlege på nokre kontringar. Diallo burde scora 2-2 etter eit innlegg, men Hødd drog sin andre 2-1-siger på rad i land.

- Økonomisk er cupen viktigast kanskje, men i mine auge er denne kampen viktigare. Vi gjekk glipp av ei oppleving i cupen, men serien er viktigast, nikka Lars Arne Nilsen etter kampen.

Han er fornøgd med at dei tek poeng, men er klar på at Hødd har enda meir på lager.

- Vi har kome inn på eit lite vinnarspor, men vi er ikkje heilt der vi skal vere spelemessig enno. Men det blir sakte, men sikkert betre.

- Poenga tek vi i alle fall, og no heng vi godt med i toppen, avslutta Nilsen jublande.