Når det er sagt, så var NTNUI3 og Sverresborg to lag UBC skal slå. Ristad reknar desse laga som dei klart svakaste i divisjonen. NTNUI3 er eit lag av studentar der berre nokre få har spelt basketball ei tid. Sverresborg er eit lag av tidlegare handballspelarar som har begynt å spele basket. Ristad, som altså bur i Trøndelag og er UBC-trenar via internett, hadde to treningar med UBC no då dei var i Trondheim. Han håper å få vere til stades når UBC spelar heimekampar i Ulsteinvik, men er ikkje sikker på om det går i orden. - På treningane her oppe gjekk vi spesielt inn på angrepsformasjonar - og eg synest det fungerte ganske bra i kampane, seier Ristad, som meiner at dei rutinerte spelarane på UBC gjorde jobben. Han skryt likevel spesielt av dei nye, unge spelarane: - Dei har utan tvil talent, noko som lovar godt for framtida til laget, seier han. UBC sine neste to kampar går 6. og 7. februar i Ulsteinhallen. Den første dagen er topplaget NTNUI Shakers motstandar, medan NTNUI3 står på motsett banehalvdel dagen etter. KAMPFAKTA: NTNUI3 – Ulstein Basketball Cannons 15 – 40 Dei som spelte: Stine Håkonsholm (16 poeng) Margrethe H. Garnes (16 poeng) Cecilie Anderson (4 poeng) Ingrid M Ulstein (2 poeng) Kjersti V. Jensen (2 poeng) Eirin Vaagen Elisa G. Hareide Hanne Rognan Sverresborg – Ulstein B. Cannons 23 – 62 Dei som spelte: Margrethe H. Garnes (21 poeng) Stine Håkonsholm (19 poeng) Cecilie Anderson (11 poeng) Elisa G. Hareide (4 peong) Eirin Vaagen (2 poeng) Kjersti V. Jensen (2 peomg) Hanne Rognan (2 poeng) NB: Ingrid M. Ulstein var skadd i denne kampen. Tabell: NTNUI Shakers 4 4 0 360 86 8 Lady Dragons 6 4 2 380 283 8 NTNUI2 3 2 1 180 105 4 Ulstein BC 2 2 0 102 38 4 Sverresborg 5 1 4 137 359 2 NTNUI3 6 0 6 117 405 0