Rosenborg 2 gjesta Høddvoll tysdag. her ser vi Hødds Magnussen i fint driv. Foto: Per werkland

I 2009 deltok 11 Tippeliga-lag med 2.-laga sine i dei fire 2.-div.-avdelingane. Laga tok tilsaman 345 poeng på 286 kampar, noko som gav ein gjennomsnitt pr. kamp på 1,2 poeng.

I 2010 er antalet Tippeliga-lag i denne divisjonen redusert til 9. Etter 6 serierunder (Molde2 har spelt berre 5 kampar) er den gjennomsnittlege poengfangsten på 1,15 poeng pr. kamp. Dei 9 laga har teke 61 poeng på 53 kampar. Det statistiske grunnlaget er lite. Vi har berre vore gjennom 6 av 26 serierunder.

Men tendensen er likevel målbar: 2.-laga må dukke djupare ned i junioravdelingane sine og tek færre poeng enn i fjor pr. kamp. Om tendensen held seg - eller berre vil bli forsterka - får tida vise.