Himelaget gjekk opp i 1-0 etter 36 minutts spel ved Driveklepp, men Per Ståle Nykrem utlikna til 1-1 i det 40. minutt. I 2. omgang makta ingen av laga å skore. Dermed enda kampen med poengdeling. Hareid tapte med dette to poeng til dei to topplaga Skarbøvik og Brattvåg, som begge vann kampane sine. Skarbøvik slo Blindheim 2-1 på bortebane - Brattvåg vann 3-2 heime over Spjelkavik. I den siste kampen denne fredagen vann Langevåg 2-1 over Sykkylven i Sykkylven. Mandag speler Hødd2 borte mot Ørsta. HAREID stilte slik: Scheide Mork - Melø, Molnberg, Engen Grimstad, Beiermann - M. Slettebakk, Husøy, T. Ytre-Hauge, Nykrem - Jørgensen, Hansrud. Tre Hareid-spelarar fekk gult kort. Kampen var den siste i Hareid-drakta for Kim-Tore Husøy, som no reiser nordover til Bodø for å gå på skule.