Hødd har søkt Ulstein kommune om 15 000 kroner i sponsormidlar til eit treårig prosjekt dei har kalla Prosjekt Hødd Damer 2007. I søknaden argumenterer prosjektgruppa med at jente- og damefotballen i Ulstein blømer. Damelaget er snart klare til å starte i 2. divisjonen, noko som er spanande og gjev kostnader utanom det vanlege med reiser. Hødd meiner jentene gjev god reklame for både Hødd og Ulstein kommune. Dei oppmodar formannskapet til å sjå med velvilje på prosjektet og meiner byen treng damer. Om kommunen stiller med sponsormidlar skal dei få logo på trenings- og reiseantrekk. I tillegg kan Hødd by på logoplass i program. Søknaden vart lagt fram for formannskapet på møte 31. januar. Formannskapet sende saka vidare til oppvekst- og kultursjef Leif Ringstad for at han skulle ta saka opp med oppvekst- og kulturutvalet. Torsdag 15. mars skal saka opp i oppvekst- og kulturutvalet. Ringstad rår utvalet til å ikkje finne midlar til prosjektet. Grunngjevinga for det tilrådde avslaget er at prosjektet Damefotball ikkje kan prioriterast framføre anna lag og organisasjonsarbeid i kommunen. Så blir det synt til dei ordinære kulturmidlane som kommunen deler ut.