Hødd opna sesongen med ti poeng på dei fem første kampane. Då såg det meste lovande ut. Men utover våren har Hødd variert kraftig. Dei har vore gode på bortebane med siger mot Bærum og poeng mot Sandefjord. Men på Høddvoll har Hødd spelt uavgjort mot Hønefoss og Strømmen - og tapt mot Nest-Sotra, Tromsø og Kristiansund. Før det altså kom ein skikkeleg ketchup-sprut med ein høgst fortent 4-0-siger mot Ull/Kisa i dag.

- Ikkje bortskjemde

- På eitt eller anna tidspunkt måtte det kome ein slik kamp. Som eg har sagt gjennom heile vårsesongen så bur det mykje i dette laget. Enkelte kampar har vi vore veldig gode. Potensialet har vore der heile tida. Så ja, det var veldig kjekt å få denne sigeren før vi no har fire veker utan seriekampar, seier ein tydeleg glad og letta Sindre Eid til Vikebladet Vestposten.

- Når følte du deg trygg på at de skulle slå Ull/Kisa?

- Ein kan aldri vere heilt trygg. Men på 3-0 følte eg meg ganske trygg. Då skulle det mykje til for at dei kunne ta oss igjen, seier Eid.

Som talde 13 målsjansar til Hødd. Fire mål var derfor noko lunde grei utteljing. Sjølv om Hødd utover i 2. omgang hadde ein del svært store moglegheiter som burde gitt nettkjenning.

- Og så har vi jo ikkje vore så bortskjemde med mange mål i år heller. Så vi skal vere nøgde, meiner Sindre Eid.

- Fantastisk type

Han fekk sjå nordirske Robin Shroot score tre av måla i 4-0-sigeren. Det var Shroots tre første seriemål for Hødd, og det første hattricket ein Hødd-spelar har hatt i serien sidan Pål André Helland i 2012.

- Robin er ein veldig god fotballspelar. Du ser på han at han er vand med å spele i ligaar med høgt tempo. For han gjer alt så nøyaktig og gir bortimot aldri frå seg ballen. Robin er også flink til å spele andre gode. Han har inne eit veldig godt nivå. Og ikkje minst er han ein fantastisk profesjonell og offensiv type, vurderer Sindre Eid.

Og i det Hødd-trenaren snakkar om Shroot kjem hovudpersonen sjølv inn på Høddvollhuset. Men briten har dårleg tid og lovar at han sender oss sine tankar om Hødd og kampen på e-post så fort han får tid.

Ferie

Hødd tek no treningsfri i to veker. Spelarane får med seg eigentreningsopplegg på ferie. Så møtest karane igjen 7. juli for å trene fram mot del 2 av sesongen - som startar med bortekamp mot Tromsdalen nest siste helga i juli.