På dei tre siste heimekampane i serien har ikkje blåtrøyene scora i det heile. Fasiten seier totalt sju mål på åtte heimekampar i år (snitt 0.88). Det kan minne oss om sesongen 2008. Då scora Hødd berre 12 mål på 15 heimekampar (snitt: 0.8) og rykte ned med brask og bram. I 2006 vart det 17 mål på 15 heimekampar (snitt: 1.13). Elles har snittet lege på minst 1.87 heile 2000-talet.
– Legg seg bakpå
– Forklaringa er at laga vi møter legg seg bakpå her oppe. Det har skjedd nesten alle heimekampane våre. På bortebane skal heimelaga meir i angrep, noko som har gitt oss større rom og fleire moglegheiter. Klart, vi kunne ha scora fleire på heimebane også, men vi har skapt fleire og større sjansar borte, forklarer Joachim Magnussen.
Som ikkje har scora på heimebane sjølv i år, men står bak to av Hødds 14 mål borte. Og borte har jo Hødd vore ganske gode i år. Poengfangsten er tre poeng større enn heime, og talet på scora mål nøyaktig dobbelt så høgt.
– Vi er pigge
Men formkurva til Hødd har utover sommaren gått nedover både borte og heime. På dei åtte siste seriekampane har Hødd éin siger, to uavgjorte og fem tap. Søndag kjem opprykksjagande Sandefjord på Høddvoll-besøk.
– Eg synest vi verkar pigge om dagen. Det har sett bra ut på trening. Og vi veit det er fullt mogleg å slå Sandefjord. Vi var jo mykje betre enn dei då vi slo dei 2–0 borte, seier Joachim Magnussen.
Sigeren i Sandefjord 24. juni var faktisk sist Hødd vann ein seriekamp. Men vi må også ta med at det har vore ferieavvikling inne i biletet sidan den gongen.
– Trivest på kanten
Søndagens kamp er Hødds andre med det nye mannskapet. Både Jonas Ingebrigtsen og Eirik Ulland Andersen debuterte sist helg, medan Franjo Tepuric spelte sin tredje kamp. Spørsmålet er om det kan ta tid før det nye Hødd-laget får sett seg.
– Dei nye spelarane verkar veldig spennande. Det er litt andre typar enn dei vi hadde, men desse spelarane har heilt klart mykje å kome med. Kanskje tek det tid å spele inn eit nytt lag, eller kanskje ikkje. Plutseleg losnar det, til dømes førstkomande søndag, spå Magnussen.
– Kva med deg sjølv, Joachim. Trivest du ut på kanten?
– Eg føler det går betre og betre.
Hødd – Sandefjord følgjer du live på vikebladet.no søndag 18.00.
Fakta
Hødd-mål på heimebane
(Sesong: heimemål-heimekampar)
2013: 7–8
2012: 28–15
2011: 29–15
2010: 42–13 (2.-divisjon)
2009: 51–13 (2.-divisjon)
2008: 12–15
2007: 51–13 (2.-divisjon)
2006: 17–15
2005: 32–15
2004: 36–15
2003: 37–15
2002: 33–15
2001: 29–15
2000: 42–11 (2.-divisjon)
Les også: