I TrønderEnergi-serien for kvinner i 4. divisjon i handball, tok Hødd i mot Godøy i Ulsteinhallen. Ein thriller av ein kamp som ikkje var avgjort før dommaren blåste i fløyta etter 60 spelte minutt.

Utlikningsduell

Godøy markerte seg godt i inngangen av kampen med ein tomålssiger over blåtrøyene.

Hødd-trenar Tim-Ole Bøhm motiverte jentene til utlikning mot laget frå Giske. Etter ti spelte minutt utlikna Hødd og spelte med ei sterkare hand. Midtvegs låg Hødd i leiinga, før dei datt under og gav Godøy leiinga mot utgangen av første omgang. Men i det siste minuttet scora Hødd to solide mål, og gjekk til pause med leiinga 13–12.

I byrjinga av andre omgang spelte Hødd teknisk godt, med eit lite luftig forsvarsspel. Samstundes utnytta dei banehalvdelen sin i angrepa mot Godøy.

Fram til dei ti siste minutta var Hødd sterkast med eit måls leiing, heilt til Godøy henta inn to mål og vart liggjande med eit mål over etter eit flott straffekast.

I det 55 minuttet fekk Hødd inn ei scoring som gav utlikning. Godøy brente ein god sjanse som opna for eit nytt Hødd-angrep. Jentene utnytta sjansen og kunne avslutte kampen med scoring og 23–22 til kampslutt.

Svært nøgd

Hødd-trenar Tim-Ole Bøhm fortel til Vikebladet Vestposten at han er svært nøgd med innsatsen til jentene.

– Dei spelte svært godt og kjem fram til gode løysingar. Eg er imponert over korleis dei presterte mot Godøy, som også er eit av topplaga i serien. Det er ein god kompensasjon for tapet mot Langevåg i førre veke, fortel Bøhm.

I morgon sundag skal Hødd spele mot Skarbøvik frå Ålesund, og Bøhm trur det vert eit heilt annleis spel.

– Skarbøvik spelar ein heilt annan type handball enn Godøy. Så utfordringane våre vert å finne ein ny taktikk, fortel Bøhm, som vedgår at dei går for Hødd-siger også på sundag.