I årsmeldinga til Hødd finn vi klubbens oppdaterte adelskalender.

Denne sesongen har Erik Sandal klatra opp til 26.-plass. Han har spelt 289 kampar, i tillegg til å ha scora 90 mål.

Klock og Nyland

Av dei aktive i 2012 har Fredrik Klock nest flest kampar; 238. Tredje flest kampar av dei som spelte i år har Ørjan Håskjold Nyland; 145.

Både Klock og Nyland har gitt seg i klubben, så den nest mest rutinerte av dei attverande er Sivert Heltne Nilsen med 132 kampar.

Rekord til evig tid?

Heilt i toppen av adelskalenderen vil det truleg ikkje skje endringar på ein del år. André Nevstad toppar med 683 kampar. Vidare på topp ti finn vi Otto Sundgot (668), Kjetil Hasund (646), Hallbjørn Hasund (458), Sindre Eid (440), Audun Wingsternes (421), Tor Meinseth (406), Per Dimmen (402), Jan Arild Roppen (401) og John Åge Sundal (378).

Ulfstein toppar

I årsmeldinga til Hødd finn vi også ein oppdatert adelskalender for klubbens andrelag. Her gjeld berre seriekampar.

Robert Ulfstein toppar med 106 kampar. Vidare har Øystein Vik Myklebust 103, Mads André Værnes 98, Ulrik Wingsternes 83, Andreas Johann Kurseth 81, Vagn Scheide Mork 75, Emil Viddal 74, Olav Haug Vikebakk 72, Vegard Heltne 72 og Eirik Heltne 72.

Av desse var dei to Heltne-brørne pluss Øystein Vik Myklebust aktive for Hødd 2 i 2012.