Både Herd og Hødd 2 er venta å kjempe i øvre del av 3.-divisjon avdeling 9 denne sesongen. Moa-laget Herd kom frå 6-1-siger mot AaFK 2 og uavgjort mot Adeccoliga-laget Kristiansund BK i cupen (tap på straffer) før kveldens kamp. Hødd 2 vann 2-1 mot Bergsøy i første runde.

I dag sende kjappe Eirik Kampenes heimelaget opp i leiinga etter ni minutt. Robin Hjelmeseth utlikna for Hødd midt i 2. omgang. Like før pause snudde Bendik Torset kampen for bortelaget.

Men i 2. omgang var det berre Herd som fann nettmaskene. Scoringar av Vegard Bruland (75), Kampenes (88) og Andreas Ulvestad (90) sørgja for 4-2-siger til Amund Skiri og Co.

Kjelde: smp.no

Les meir om kampen i torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.

PS. I ein Adeccoliga-kamp i kveld vann Sandefjord 2-1 borte mot Fredrikstad. Kjell Rune Sellin, som scora for Hødd i fjorårets cupfinale, vart matchvinnar for kvalfangarane.