Styret i AaFK gav Kjetil Rekdal sparken som trenar for klubben måndag kveld. Laurdag kjem han til Ulsteinvik for å signere biografien "Mitt liv som i", ført i pennen av Olav Østrem.

Avgjersla om å sparke har skapt stor kontrovers. Fleire av spelarane skal ha uttrykt misnøye med leiarstilen til Rekdal, og samarbeidet mellom Rekdal og både styret og klubbleiinga skal ha fungert dårleg. På den andre sida har supporterane protestert høglydt mot avgjersla om å kvitte seg med Rekdal.

Debatten om framtida til Rekdal og AaFK har gått heile hausten, og det var nok mange som ikkje vart overraska då brotet kom.

Midt i denne striden har Rekdal altså lansert biografien sin.

I boka står det blant anna å lese at Rekdal slett ikkje var tenkt å gi seg som AaFK-trenar, men at han hadde ambisjonar om å løfte klubben til tidenes beste sesong i 2013. Rekdal skriv også at det bør vere fullt muleg for AaFK å vere med å kjempe om seriegull i åra framover.

Rekdal signerer biografien sin på Eiken Libris i Ulsteinvik laurdag ettermiddag, før han set kursen mot Sandemessa på Larsnes.

- Kjetil Rekdal er ikkje arbeidslaus, vi har sett han i sving att, skriv bokhandelen på Facebook-sida si.