Under Norway Cup arrangerte Vikebladet Vestposten ein fotokonkurranse der ein heldig person kunne vinne ein fotball signert av Hødds a-lagsspelarar.
Vinnaren av årets konkurranse vart Anne-Mari Kaldhol frå Ulsteinvik, som tok bilete av Hødd G13 etter 3-0-sigeren over Ellingsrud IL.
Kaldhol forklarar at dette var eit bilete ho berre måtte ta.
- Etter to tap kom endeleg sigeren, og då var eg heilt i hundre på sidelinja. Då dei samla seg etter kampslutt så måtte eg berre ta bilete av dei og sende det inn til avisa, seier ho.
Les også: Gull til Hødd-jentene
Kjempeglad
At det var nettopp ho som vann den signerte ballen, kom som ei stor overrasking på henne.
- Eg var ikkje klar over at det var ein premie involvert, så det var heilt uventa. Men då veit eg om nokre barneborn som vert kjempeglade, glisar ei stolt farmor.
- Kva skal du så gjere med ballen?
- Nei, eg får vel henge den opp her i heimen slik at barneborna kan leike med den når dei kjem på besøk. Ein får vel ikkje "lov" å bruke ein slik ball til å spele med, så dei får vel heller trikse litt med den i huset, smilar Kaldhol.
Les også: