* 1-0 Hødd 44 minutt: Aursnes sender ein stikkar til Helland på kanten, som slår eit fantastisk innlegg med utsida - på bakerste stolpe, kvar Magnussen dukkar opp og headar ballen i nettaket!

* 2-0 Hødd 58 minutt: Latifu slo inn til Espen Standal som banka ballen i vinkelen.

Kampen opna i roleg tempo. Hødd hadde ballen mest.

Den fyrste klare sjansen kom då ein Strømmen-spelar heada i stolpen etter 13 minutt. Heldigvis for Hødd gjekk den påfylgjande returen  til side for mål.

Tørnqvist og Magnussen stod for Hødd sine fyrste sjansar, etter det 20. og 23. minutt. Men verken Tørqvist si heading, eller Magnussen sitt forsøk frå kort hald resulterte i scoring.

Når uret tikka 38 minutt fekk Tørqvist nok ein sjanse etter innlegg frå Helland. Denne gangen stod buret ope, men skotet gjekk over.

Hødd skulle få scoringa si rett før pause. Aursnes sendte ein perfekt stikkar til Helland. Han sendte så eit perfekt innlegg på bakre stolpe med utsida av foten. Der stod Magnussen og heada ballen kontant i mål.

Kontrollerte andre omgang

Hødd gjekk i strupen på Strømmen då startsignalet gjekk for 2. omgang. Avslutninga til Helland vart diverre redda av Jørgensen i Strømmen-målet.

I det 58. minutt kom det andre målet. Etter fint samarbeid mellom Helland og Latifu, slo sistnemnde til ein umarkert Espen Standal som banka ballen i vinkelen.

Scoringa såg ut til å slå lufta ut av Strømmen-ballongen. Heimelaget nesten ingenting, medan Hødd fortsatte i det gode drivet.

Det blei etterkvart ganske tamt. I det 80. minutt burde Latifu kanskje økte leiinga. Han dribla seg fint inn i 16-meteren, men skotet gjekk til side for mål.

Kampen enda 2-0 i favør Hødd. Samtlige bortekampar i Adeccoligaen er vanskelege, likevel var dei blå suverene. Fortsett dei slik kan det sjå veldig lyst ut når poenga skal teljast etter årets sesong.

Kampfakta:

5. runde Adeccoligaen 2013

Strømmen - Hødd 0-2 (0-1)

Strømmen Stadion

Mål: Joachim Magnussen (44.) og Espen Standal (58.)

Dommar: Ola Hobber Nilsen, Nordstrand IF

Gult kort: Miguel Marcado Hamutenya, Martin Jørgensen, Robin Daly.

Hødd (4-3-3): Andreas Lie - Akeem Latifu, Jesper Tørnqvist, Steffen Moltu, Ruben Brandal - Sivert Nilsen, Bendik Torset, Fredrik Aursnes - Pål Helland (Tobias Nygård Vibe 90.), Espen Standal (Rune Ertsås 71.), Joachim Magnussen (Vegard Heltne 84.).

Unytta reservar: Jan Lennart Urke og Andreas Rekdal.