Mange møtte fram for å få med seg den offisielle opninga av nye Haddal Stadion på Solsida laurdag ettermiddag. Blant dei frammøtte var Morten Moldskred, Haddal-gut og A-lagspelar for Tromsø IL.
– Ser bra og proff ut
På ytre banehalvdel kjem vi i prat med leiar Cato Eiksund Rogne og prosjektleiar Jan Ove Kleppe i Haddal IL og Morten Moldskred.
– Det er ein veldig stor dag, ikkje berre for Haddal IL, men heile Haddal som bygd. I tillegg er det kjempeflott at Morten ville ta turen frå Tromsø for å opne den nye bana i heimbygda si, fortel Eiksund Rogne til Vikebladet Vestposten.
Også Morten Moldskred er nøgd. Både med anlegget og kunstgraset.
– Dette er heilt enormt og fantastisk på ein gong. Det er ein stor dag og eit stort løft for bygda. Bana ser bra og proff ut. Her er det ikkje noko å setje fingeren på, seier Moldskred, som har spelt på dei fleste underlag gjennom si mangeårige proffkarriere.
Takka alle involverte
Haddal Musikkorps møtte trufast fram for å spele. Dei spelte ei god runde hornmusikk før Eiksund Rogne fekk sleppe til mikrofonen og ønskje dei frammøtte velkomen.
Vidare hadde prosjektleiar Jan Ove Kleppe hadde nokre ord han ville dele med forsamlinga.
– Det er ein festdag. Etter 6,5 år kan vi endeleg overlevere bana til styret. Tusen takk til Morten Moldskred som skal opne bana og ei ny tid for Haddal og Haddal IL. Bana er truleg i tråd med ønsket styret hadde for 6,5 år sidan. Dei som la banedekket fortalde at banegrunnen på Solsida var den beste grunnen dei nokon gong hadde lagt kunstgras på. Så det er vi svært stolt av. Dette skal entreprenøren Ulstein Betongindustri ha æra for med Even Soleng i spissen, fortel Kleppe.
Vidare rettar han ein stor takk til andre entreprenørar, dugnadsarbeidarar, leverandørar, politikarar.
– Dei har alle bidrege med god verdifull kompetanse inn i prosjektet, avsluttar Kleppe til applaus.
Kunne vinne drakt
Resten av dagen gjekk med til feiring med ulike aktivitetar.
Gubbetrimmen fekk spele kamp mot Haddal IL G14 med Morten Moldskred på laget. Vidare vart det arrangert straffesparkkonkurranse, der alle kunne delta, og vinne signert Tromsø-drakt av Morten Moldskred.
Om kvelden vart det arrangert festmiddag ved Haddal skule med inviterte gjestar.