Fredrik Aursnes har spelt på A-laget til Hødd sidan han var 16 år. Han er Norges yngste cupmester, men har framleis beina godt planta på jorda. Sjølv meiner han at han berre er eit heilt vanleg gut frå Hareid.

– Eg har spelt fotball helit sidan eg kunne gå, og det har alltid vore ein ball rundt meg, seier Fredrik medan han smiler.

Han fortell at han alltid har hatt mange viktige personar i livet som har støtta han med fotballen.

– Venane mine frå Hareid har pusha meg til å verte ein god fotballspelar. Foreldra mine som alltid har stilt opp på kampar, og pappa som var trenar for meg då eg var liten. Dei har vore ei viktig støtte gjennom oppveksten.

Ulsteinviking - i med og motgang er ein serie om Hødd i seks delar. Der følgjer ein spelarar, trenarar, frivillige og supportarar i tida før seriestart 2015.  Det er Ane Mørk, Siri Husby Fiskum, Gunhild Kjeilen Kallvig og Silje Steinnes Bjerknes frå Høgskulen i Volda som står bak serien.

Les meir om Fredrik Aursnes på Nernett.

Sjå første episode: - Hødd er ein livsstil

Sjå andre episode: – Når jobben din er å spele fotball så er det alt du har lyst til

Vikebladet.no blir det presentert ei episode frå serien kvar dag inn mot seriestart.

Siri Husby Fiskum, Silje Steinnes Bjerknes, Ane Mørk og Gunhild Kjeilen Kallvig frå Høgskulen i Volda står bak nettserien "Ulsteinviking - I med og motgang".