- Det er tett og jamt dei første femten-tjue minutta, så får vi meir og meir tak i ballen. Etter Torbjørn set inn 1-0 har vi full kontroll. Det var solid gjennomført av oss i dag, seier Eid.

Ein skulle kanskje tru at det ville bli tøft å motivere seg til ein kamp mot eit lag som ligg to divisjonar under ein sjølve, men Eid meiner Hødd førebudde seg godt.

- Eg syns vi har ein proff inngang til kampen. Det er trass alt 11 mot 11 ute på bana, og Herd er eit bra fotballag. Dei trykte på frå start, men for oss handla det om å gjere ting skikkeleg, og ikkje gi dei trua på at dei kunne ta oss. Vi scorar mål før pausen, og hadde i grunnen god kontroll etter det, seier Hødd-trenaren.

Eit tett kampprogram for Hødd denne veka har ikkje skremt laget, og spelarane er klare for neste seriekamp, fortel Eid.

- No kjem kampane så tett, så det er berre å lande igjen, men vi er i bra form for tida. Er ein i form er det kjekt å spele fotballkampar. Vi fekk brukt troppen godt i dag, og har friske folk til bortekampen mot Bærum på søndag, seier Sindre Eid.

Første offisielle mål for Hødd

Torbjørn Kallevåg scora sitt første offisielle mål for Hødd i cupkampen mot Herd. Kallevåg kom til Hødd før sesongen, frå 2. divisjonsklubben Vard Haugesund, der han blei toppscorar i fjorårssesongen.

- Det var veldig godt å få opna den offisielle målkontoen min i Hødd, og ekstra kjekt at det skjedde i ein cupkamp.

Han meiner 4-0 sigeren mot Herd var oppskriftsmessig.

- Vi står og stangar litt i første omgang, men så lausnar det. Med den fyrste scoringa rett før pause får vi roa oss litt ned, og kampen opnar seg litt meir i andre omgang. Etter 2-0 handlar det om å halde på ball, og ikkje pådra oss dumme skader.

Angåande neste cupkamp, uansett kven det vil måtte bli, og neste seriekamp, er 22-åringen frå Bømlo krystallklar:

- Vi kan slå kven som helst, det viste vi mot Brann. Vi har fått kvilt ein del spelarar no fram mot neste seriekamp i tillegg, så dette lovar bra, seier Kallevåg.

- Godt å vere tilbake

Benjamin Mork Kleppe spelte på topp for Hødd i kampen mot Herd, og avslutta scoringskontoen til dei blå og kvite med eit nydeleg mål, fem minutt før full tid. Ungguten trakk seg inn i bana, og frå kanten av 16-meteren sendte han i veg eit skot som hamna heilt oppe i vinkelen.

- Eg er ganske nøgd med min eigen innsats. Eg har vore ute i eit halvt år med skade, og eg føler eg endeleg er på veg tilbake no. Kunne nok ha sprunge endå meir enn eg gjorde, seier Kleppe.

Han er også svært imponert over lagkameratane sine, som på ei og same veke sikrar seg ein sterk siger mot Brann på heimebane i serien, og no ein 4-0 siger mot Herd i cupen.

- Etter det som skjedde på måndag skulle ein tru at det ikkje ville vere enkelt å gire seg opp til ein kamp mot eit 3. divisjonslag. Det blei mykje fram og tilbake i starten, men så tok vi kontrollen etter fyrste målet. Vi drog i land ein god siger i dag, seier Kleppe til slutt.