20 minutt før slutt på Høddvoll var det lite som tyda på at heimelaget til slutt skulle juble for tre poeng. For sjølv om dei blåkvite fullstendig dominerte før pause, kom laget aldri skikkeleg inn i kampen etter kvilen, då eit bortelag i poengnaud fekk tru på at dei skulle få med seg noko frå kampen.

Trenar Sindre Eid gav klar beskjed om at det Hødd-spelarane leverte ikkje heldt mål, og det var ein tydleg frustrert Hødd-trenar som vandra rundt i teknisk sone.

Du var forbanna?

– Ja. Vi gjer ein god førsteomgangen, sjølv om det berre er uavgjort ved pause. Vi har vel ni målsjansar og dei har ein, og vi burde ha leda kampen. I andreomgangen så kjem dei høgt på oss og vi klarar ikkje heilt å lese kampbiletet. Derfor spelte vi på oss ei rekkje brot, spelte mykje på feilvende spelarar, brukte bakrommet lite og var lite framoverretta i spelet vårt. Då gjorde vi det stikk motsette av det som var planen, fortel Eid.

God underhaldning

Totalt sett er det ingen tvil om at Hødd skapte nok til at ein fortente å vinne kampen, men i den andre omgangen skapte bortelaget like mykje som Hødd, og det kunne ha bikka laget frå Vennesla sin veg.

– Vi gir oss heldigvis aldri og til slutt så er det jo ein siger som tel, sjølv om ikkje alt vi gjer med ballen er like bra. Det blir jo god underhaldning, på godt og vondt. Det er mykje godt spel, men også mykje dårleg spel, og så scorar vi tre mål. Og no har vi scora mykje mål i haust!

For Hødd kom under for andre gong i kampen då det var spelt 70 minutt. Deretter tok det berre to minutt før Robin Shroot sette inn utlikninga, før Eid fekk utteljing for å kaste inn ein unggut mot slutten, då Håkon Botn Brautaset sette inn 3–2 på overtid. Hødd sitt 19. mål på dei siste sju kampane.

Og at det var ein lokal unggut som skulle avgjere smakar sjølvsagt ekstra godt for Eid, i ein kamp der det var mange i den kategorien som fekk sjansen.

– Eg kjenner jo desse gutane godt. Håkon har gått rundt i huset mitt sidan han var fem-seks år. I dag fekk han klar beskjed om å gå inn for å avgjere, og det gjorde han. Det var innertiar det i dag. Det gleder meg at vi vinn kampen, at vi kjempar oss tilbake og at vi har mange unggutar som får spele. Det er herleg å sjå.

For Eid gav også debut til 18-åringen Johannes Sundgot, som gjorde ein god figur på venstresida.

– Johannes har ei tilnærming til spelet som er veldig spennande. Han er sterkt mentalt, uredd og tøff. Han har dessverre vore litt skadeplaga siste par åra, men det er ingen tvil om at han har ei flott Hødd-framtid. Det handlar berre om å få kroppen på plass, seier Eid.