Trass i at reisa enda i 1/8-finalen for to av laga frå Hareid, har Hareidslaga totalt sett gjort ein fantastisk innsats i Norway Cup så langt i år. Etter 20 spelte kampar har dei vunne 18 og tapt 2 totalt.

Det betyr at både Hareid J14, Hareid J15/16, Hareid G14 og Hareid G15/16 har vunne alle dei innleiande kampane sine og med det vore gruppevinnarar i kvar si gruppe. Dette har tatt laga vidare til A-sluttspelet, der kvart lag har vunne kvar sin 1/16-finale.

Det var ikkje før i 1/8-finalen i A-sluttspelet at den til då framifrå statistikken skulle snu for to av Hareidslaga.

Onsdag kveld kl 18.30 møtte Hareid G14 Frei FK til 1/8-finale. I Frei FK møtte gutane frå Hareid ein god motstandar, og etter ein svært jamn kamp trakk til slutt Frei FK det lengste strået og vann kampen 1-0.

- Men for ei turnering karane har gjort. Kampen mot Frei FK kunne bikka begge vegar og Hareid 'matcha' dei meget godt, skriv Hareid IL på sine Facebooksider om innsatsen til gutane på Hareid G14.

Eit par timar seinare var det jentene frå Hareid i same aldersgruppe som skulle prøve å ta seg vidare til ein kvartfinale i A-sluttspelet. Mot eit fysisk sterkt lag i Strindheim IL 2, vart motstanden for tøff og Hareidsjentene tapte til slutt 5-0 i sin 1/8-finale.

Til kvartfinale og vidare?

1/8-finalane til både jentene og gutane i aldersgruppe for 15/16 år tok ei anna vending.

Hareidsjentene vann til slutt sin 1/8-finale 2-1 over Fjellhamar, medan gutane knuste sin motstandar i Jadakameratene IL heile 5-0.

Torsdag formiddag spelte Hareid G15/16 og Hareid J15/16 sine kvartfinalar med berre ein time mellomrom.

Kl. 10.00 starta kvartfinalen mellom Hareid G15/16 og Skavøypoll IL. Etter at Skavøypoll tok overtaket frå start, klinka Hareidsgutane til med 3 mål på rappen med scoringar frå August Brandal (2) og Kim Andre Alvestad.

Med 3-0 til pause skulle ein tru at semifinalen var sikra, men kort tid ut i andre omgong reduserte Skavøypoll til både 3-1 og 3-2. Men då det berre var 5 minutt igjen av kampen, auka Hareid leiiinga med 4-2 etter enda ei scoring av August Brandal. Kampen enda til slutt 4-2 til Hareid G15/16 og til semifinale møter dei lokal motstand i Bergsøy. Kampen sparkast i gang allereie 14.15 på bane 7B på Ekebergsletta.

Ein time seinare, kl 11.00 starta kampen til Hareidsjentene. Dei spelte sin kvartfinale mot Bjerkvik IF. Jentene gjekk først under 0-1, men utlikna til 1-1 på straffe. Deretter gjekk Bjerkvik IF opp i leiinga til 1-2, men Hareid utlikna igjen til 2-2. Kampen gjekk vidare til ekstraomgongar, der Bjerkvik IF til slutt trakk det lengste strået og vann kampen på 'sudden death' 2-3.