"Vi er svært glade for at Hanne Notøy valte å takke ja til rolla som Fair Play-koordinator i Hødd Fotball. Hanne har dei siste 5 åra våre Natteravn-ansvarleg i Ulstein og ein person som går heilhjerta inn for det ho brenn for. Med Hanne med på laget i Hødd, så veit vi at oppgåva blir gjennomført med 100% innsats. "

Det skriv Hødd på sine nettsider. Sundag vart det klart at Hanne Notøy skal inn i rolla som Fair Play-koordinator i klubben.

Til Hødd.no seier Notøy:

- Fyrst vil eg takke Hødd fotball for tilliten dei har vist meg med å spør om eg ville ta på meg rolla som klubben sin Fair play-koordinator. Når eg no har takka ja til dette, er det fordi Fair Play sin visjon og målsettingar går rett til hjerte på meg. Å jobbe forebyggande er svært viktig både når det gjeld mobbing og rusbruk. Like viktig er det å jobbe for inkludering og gjensidig respekt slik at alle skal kunne kjenne fotballglede. Fotball skal vere kjekt slik at flest mulig er med lengst mulig og vert best mulig. Dette er ikkje noko eg kan greie åleine, for som på eit fotballag, må også Fair Play arbeidet vere eit lagspel der alle spelar i same retning og yter sitt beste for å oppnå gode resultat. Eg gleder meg til å ta fatt på denne oppgåva og håper me saman skal få alle i Hødd si fotballfamilie til å føle seg inkluderte, stolte og audmjuke.