(Sjå klippet på toppen av sida)
Det overraskande resultatet i cupfinalen har blitt lagt merke til, også av Adolf Hitler.
Han er tydelegvis TIL-supportar, og i eit klipp som er lasta opp på nettstaden Youtube langar diktatoren ut mot Tromsø etter at han får vite resultatet:
"(...) En gjeng fiskere, sveisere og sparegriser? Sitter jeg her som taper mot disse gjerrige holmeboerne?"
Hitler legg også noko av skylda på tapet på blitsen frå kameraet til NRK-journalist og Hødd-patriot Arne Flatin.
Klippet er henta frå den tyske storfilmen "Der Untergang", og det er skodespelaren Bruno Ganz som portretterer Hitler. Det vart lagt ut på Youtube tysdag, og har allereie over 17.000 klikk.