Det bekreftar Hødd-vingen i ein SMS til Vikebladet Vestposten. Helland fekk ein strekk i låret mot Molde onsdag og vart tatt av bana etter 55 minutt. I 1. omgang slo 23-åringen den målgjevande pasninga til Erik Sandal sitt 1-0-mål.

Joachim Magnussen står over grunna det raudet kortet han fekk mot Mjøndalen søndag. Det betyr at to av tre faste Hødd-angriparar ikkje blir med til Hedmark.

Heldigvis har Hødd fleire å velje mellom i den fremste lagdelen. Både Vegard Heltne, Robin Hjelmeseth, Rune Ertsås, Espen Standal og Andreas Rekdal er nok sugne på speletid frå start.

– Vi får ein kabal å legge opp der, men den skal vi klare å løyse. Vi stiller uansett eit bra lag, seier trenar Lars Arne Nilsen til lokalavisa.

Hødd hadde restitusjonstrening på Osnessanden torsdag kveld. I dag har dei treningsfri, før laget samlast igjen til trening på Høddvoll laurdag morgon.

Les meir førehandsstoff i laurdagens papirutgåve av Vikebladet Vestposten.