* Marthe Mjøen Berg forbetra sin personlege rekord på 400-meter hekk med nesten eit sekund då ho løp inn på tida 61.33. Det er også krinsrekord for seniorar i Møre og Romsdal. Marthe enda på 4.-plass i seniorklassen. * Hallbjørn Hasund Thorseth løp 300-meter hekk i 19-årsklassen. Her gjekk han heilt til topps med tida 39.92 sekund.* Karsten Warholm starta fredagen med stav der han under vanskelege forhold med vind og regn kom seg over 4.02 meter. Seinare på dagen tok han seg greitt til finalen i lengde. Finalen går laurdag. Her vil Karsten vere ein av favorittene.* Joakim Sundgot Gustavsen løp 800-meter. Her fekk han tida 1.59.09. Joakim treng nok tida fram til junior-NM før han har toppforma inne. Han har slite med eit trøyttheitsbrot dei siste månadene.- Stemnet held fram laurdag. Då har vi fleire som skal i aksjon mellom anna på 100-meter, 400-meter og 1500-meter, melder Dimna IL-trenar Arve Hatløy frå Göteborg.