Det seier Hødds venstreback Victor Grodås til Vikebladet Vestposten eit lite kvarter etter kampslutt i Sandefjord.

Hødd tok leiinga ved Joachim Magnussen etter 72 minutt, men seks minutt seinare utlikna Kristoffer Normann Hansen for heimelaget.

- Eg synest vi hadde full kontroll heilt fram til vi tok leiinga. Så følgde ein periode rundt då 1-1-målet kom der vi sleit meir. Men vi skapte totalt sett mest, og derfor er det kjedeleg at vi ikkje tek alle poenga, seier Grodås.

- Ein god bortekamp

Hødd har no tatt fire poeng på dei siste fem kampane. Dei to bortekampane har resultert i fire poeng etter to gode prestasjonar, medan tre under pari heimekampar har gitt null poeng. Kvifor er Hødd så mykje betre borte enn heime?

- Vi må heilt klart knekke heimekoden snart. Det er ikkje godt å seie kvifor det har blitt slik. Men det har nok ein del å gjere med at vi er rolege med ball og ligg bra i ramma. Dette var endå ein god bortekamp av oss, meiner Victor Grodås.

- Meir tolmodige

Venstrebacken får støtte av midtbanespelar Fredrik Aursnes.

- Vi er meir kyniske og tolmodige defensivt på bortebane. Vi er også flinkare til å ta vare på ballen når vi har han. Det ser ut som vi må spele meir slik på heimebane også. Det er i alle fall mykje å ta med seg inn mot Ull/Kisa-kampen på Høddvoll neste helg, seier Aursnes til Vikebladet Vestposten.

- Irriterande

I likskap med Grodås meiner Aursnes at Hødd fort kunne slått topplaget Sandefjord på Komplett.no arena.

- Det var sterkt av oss å ta eitt poeng. Men vi leia jo 1-0 og kunne like gjerne ha vunne kampen. Det er litt irriterande at vi fekk 1-1 imot der. Eg følte vi hadde god kontroll og spelte bra defensivt, meiner "Aurs".

Seks poeng opp

Hødd ligg no på 12.-plass to poeng framfor Tromsdalen under streken. Av dei 17 poenga Hødd har er 11 plukka på bortebane. Berre dei to nedste laga Ull/Kisa og HamKam har vore svakare på heimebane enn Hødd. Samtidig har berre Tromsø, Sandefjord og Mjøndalen plukka fleire poeng på utebane enn Hødd.

- Hadde vi tatt tre poeng i dei heimekampane vi burde ha tatt tre poeng i så hadde vi jo kjempa fleire hakk høgare på tabellen, understrekar Fredrik Aursnes.

Ull/Kisa neste

Avstanden opp til kvalifiseringsplass er forresten seks poeng. Ikkje umogleg å klatre opp dit. Men då er det altså heimefangsten som må betrast. Og når Ull/Kisa kjem på besøk om sju dagar har Hødd ei fin moglegheit til å snu Høddvoll-trenden.