Det siste døgnet har mange av Noregs beste ultraløparar delteke i det 24 timar lange løpet Bislett 24-timars.

Blant dei som stilte på Bislett var Therese Falk frå Hareid IL. Som landets beste kvinnelege ultraløpar var ho også ei av dei det var knytt store forventningar til, spesielt etter prestasjonen under 24 hours in Hell tidlegare i år. Og Falk leverte så det suste.

Bislett 24-timars blir arrangert på ei innandørs løpebane under tribunane på Bislett stadion i Oslo. Løpet blir kalla årets lengste julebord, men det er liten tvil om at prestasjonane som blir levert er av den imponerande sorten.

Therese Falk sette norske rekord under 24 hours in Hell i september. Då sprang ho 254,846 kilometer, som også var nordisk rekord og årsbeste i verda.

Men på Bislett skulle rekordane ryke og det på imponerande vis.

foto
Therese Falk etter å ha fullført utrulege 261,170 kilometer under Bislett 24-timars. Foto: Anders Tøsse

Norsk og nordisk rekord

Banen innandørs på Bislett er 545 meter lang og Therese Falk fullførte 478 rundar i løpet av dei 24 timane løpet gjekk. Det betyr at totaldistansen enda på utrulege 261,170 kilometer! Det er dermed ei forbetring av hennar norske og nordiske rekord med over seks kilometer.

Allan Hovda med 264,8887 og Jo Inge Norum med 263,347 sørga saman med Falk for at det vart levert ein utruleg sterk utraløpskonkurranse på Bislett. Allan Hovda har også levert norsk bestenotering, i det som var sin debut på 24-timars løp.

For Falk sin del betyr løpet at ho er tidenes nest-beste kvinnelege ultraløpar. Berre Camille Herron frå USA har levert lenger løp i løpet av 24 timar. Frå før låg Falk på ein sjetteplass på denne lista. Dermed har Falk også den europeiske rekorden etter det utrulege løpet på Bislett.

Det svært imponerande resultatet på Bislett betyr også at Falk sikrar seg NM-gullet på 24-timarsløp.

Falk hadde årsbeste i verda frå før i 2021, men har no forbetra også dette med over 6 kilometer.

I ein tidlegare versjon av saka stod det at Falk sprang 260,988 kilometer, men dette har seinare blitt oppdatert til 261,170 kilometer.