Det er få dagar igjen til det brakar laust med friidretts-EM i Berlin. Der er Karsten Warholm den største norske gullfavoritten når han skal springe 400 meter hekk, og nyleg vart det klart at han kan kome til å springe 400 utan hekkar også.

På vegen inn til EM kan Warholm få med seg ein ny pris. Han er nemleg ein av dei fem europeiske utøvarane som er nominerte til månadens utøvar for juli. Det etter at Warholm forbetra sin norske rekord og den europeiske U23-rekorden på 400 meter hekk til 47,65.

Avstemminga går føre seg på det europeiske friidrettsforbundet sine facebooksider.

Dei andre nominerte er Filip Ingebrigtsen, Magnus Kirt (Estland), Danil Lysenko (Russland), Sergej Sjubenkov (Russland)