Det var svært lite som skilde to veldige gode lag, men like før halvtimen var spelt på Høddvoll kom den vesle skilnaden. Ein dødball frå Hødds høgreside vart etter litt om og men krangla over linja av Håkon Brautaset

Den scoringa vart også den einaste i kampen, og sende med det Hødd på andreplass (på målskilnad bak Molde) etter to spelte seriekampar i den regionale ligaen for G19.

– Heilt fantastisk

Som a-laget gjorde i 2001, då trønderane tapte på straffesparkkonkurranse, sende Hødd-juniorane RBK heim med null poeng i bussen. Kaptein Eirik Saunes derfor, forståeleg nok, i godt humør etter kampslutt.

– Det var heilt fantastisk. Vi har snakka om dette heile veka; mogelegheita til å slå Rosenborg har vore på treninga, seier ein energisk Hødd-kaptein.

Sjølv om Hødds sisteskanse, Sivert Pieroth, varta opp med eit par flotte redningar like før pausen, hadde mannen i gult ein relativt roleg dag på jobben. Det understreker, ifølgje Saunes, den innsatsen Hødd-laget la ned mot trønderane.

– Vi gjorde ein svært god defensiv jobb i dag og vi jobba bra saman. Vi hadde mykje krefter og sprang mykje. Det var ein fantastisk bra jobb av oss, skryt Hødd-kapteinen.

Følgde kampplanen

Utover i den andre omgangen var Hødd nærmare 2-0 enn RBK var utlikning. Kvartertet før full tid heada innbytar Sindre Thue over mål etter eit perfekt innlegg av Sander Djupvik.

I tillegg kunne Karl Bringsvor ha avslutta eit mønsterangrep dryge to minutt før full tid, men RBK-keeperen fekk slått ballen ut til corner med ei god beinparade.

– Eg synest vi følgjer kampplanen ganske bra. Vi var einige om at dersom vi skulle vinne denne kampen så måtte det vere maksimal innsats og så måtte vi ligge lågt nok når vi skulle ligge lågt. Det gjorde vi også. Sjølv om dei hadde ballen ganske mykje, så skapte dei få målsjansar, seier trenar Einar Magne Skeide.

– No veit eg ikkje om dei stilte med alle sine beste, men det er alltid kjekt å slå Rosenborg, gliser Hødd-trenaren.

Neste kamp i den regionale ligaen for Hødds del er mot botnlaget Levanger, som tapte heile 4-0 mot RBK i førre kamp – men som spelte uavgjort 4-4 mot Molde i den første kampen.

KAMPFAKTA

G19 Regional Liga

Hødd – Rosenborg 1-0 (1-0)

Høddvoll

Ca. 200 tilsckodarar

Dommar: Torgeir Halsen, Åram/Van.kam

Gule kort: Aleksander Rekdal

Mål: 1-0 Håkon Brautaset (28)

Hødd (4-3-3): Sivert Pieroth – William Fjørtoft (Mattis Ringstad, 83), Daniel Eid, Aleksander Rekdal, Johannes Sundgot – Bendik Rise, Elias Flø (Sander Djupvik, 69), Eirik Saunes – Isak Haanes (Daniel Haanes, 69), Peter Hasund (Karl Bringsvor, 62), Håkon Brautaset (Sindre Thue, 62)