Hødd måtte ta til takke med poengdeling heime mot Bryne i opninga av årets Obos-ligasesong. Eirik Ulland Andersen scora Hødd sitt 1-0 mål på eit frispark, før Bryne svara ved Oddbjørn Skartun få minutt seinare.

Les også: - Tek det på kontoen for seriestartnervar

Les også: - Ein litt seig opptreden

FFK - Levanger 2 - 3

Ny trenar i begge klubbane, Magnus Powell i Levanger og Jan Halvor Halvorsen i FFK. Vegard Voll sende bortelaget i føringa før FFK snudde ved Kapidzic og Begby. Bendik Bye sine to scoringar i andre omgang sikra sigeren for Levanger.

Jerv - Ranheim 2 - 1

Ny Jerv-siger etter overtidsmål. Robert Stene sende Hødd sin neste motstandar i føringa etter 30 minutt, før Jerv utlikna på straffe ti minutt ut i andre omgang. Kristoffer Tønnesen avgjorde for Jerv på overtid.

Raufoss - KFUM Oslo 0 - 0

Uavgjort og mållaust mellom dei to nyopprykka laga. Andreas Wrele (bror til Joakim) frå start for Raufoss.

Åsane - Kongsvinger 3 - 0

Heimelaget opnar som i 2015 og slår nyopprykka Kongsvinger med solide 3-0. Joachim Soltvedt sende Åsane i føringa etter sju minutt, før dobling på sjølvmål og 3-0 ved Hagos. Tidlegare Hødd-aktuelle Peiponen frå start for Åsane.

Sandefjord - Strømmen 4 - 1

Rutinerte karar på topp sørga for pangstart for heimelaget. Kovacs og Mjelde med kvar sitt mål før fem minutt var spelt. Øby reduserte for Strømmen, men to scoringar til heimelaget i andre førte Sandefjord til topps etter første runde.

Ull/Kisa - Sandnes Ulf 1 - 1

Gamal Hødd-kjenning sørga for Ull/Kisa sitt første mål etter opprykket. Espen Standal var laget sin toppscorar i 2.-divisjon i 2015 og kan fort blir det i Obos-ligaen også. Sandnes Ulf svara tre minutt seinare og laga delte poenga på UKI Arena.

* Mjøndalen - Kristiansund BK blir spelt måndag kveld.

Neste runde i Obos-ligaen:

Strømmen - FFK

KFUM Oslo - Åsane

KBK - Jerv

Levanger - Sandefjord

Bryne - Ull/Kisa

Kongsvinger - Raufoss

Ranheim - Hødd

Sandnes-Ulf - Mjøndalen