Hødds damelag skulle etter skjema spele seriekamp mot Trondheimslaget Freidig måndags føremiddag. Det vart det ikkje noko av.

I følgje voldasupporter.com har nemleg Freidig trekt laget sitt frå 2.-divisjon.

Det tyder at Hødd-trenar Ole Per Kragset får ein Trondheimstur mindre å tenkje på i årets sesong.

Serien blir difor korta ned frå 10 til 9 lag.

*

Også juniorlagets kamp mot Stordal måndag vart utsett. Mange av spelarane fekk difor kvile til Hødd2 sin kamp mot Stranda tysdag.