Sellin (frå Uthaug i Ørland) og Pål André Helland (frå Hemne) er Lars Arne Nilsen sine sikraste kort i Hødd-angrepet. Truleg startar Sellin som midtspiss og Helland på sin vande høgrekant.
Robuste og rutinerte
Hødd har senka FK Haugesund og Brann, men enno ikkje eit så gjerrig lag som Tromsø. Berre Molde (30) har sleppt inn færre mål enn Tromsø (31) i årets Tippeliga. I midtforsvaret mønstrar dei truleg Fredrik Bjørck og Saliou Ciss, to av norsk fotballs beste spelarar i sine posisjonar.
- Tromsø-forsvararane er robuste og har vore med i gamet lenge. Det blir tøft, men eg har møtt dei før og veit kva eg går til. Vi har jo bra med fart i angrepet, og Tromsø-forsvaret liker neppe å møte kjappe angriparar, meiner Kjell Rune Sellin.
Og legg til at Tromsø er eit godt og hardtarbeidande lag, men i ein cupfinale kan alt skje.
- Eg trur vi kan opne opp forsvaret deira. Og eg er ikkje bekymra for at vi ikkje skal skape sjansar, seier 23-åringen.
- Unge og dumme
Pål André Helland er sikker på at Hødd må vere offensive om dei skal ha moglegheit til å slå Tromsø.
- Vi skal spele vårt spel. Det betyr at vi ikkje har tenkt å legge oss i forsvar og håpe på mål etter ein corner. Vi må angripe, og eg er sikker på at vi kjem til å skape sjansar, seier 22-åringen.
Han er Hødds toppscorar i serien med seks mål og har vore heilt avgjerande mot både Sarpsborg 08, FK Haugesund og Brann. Helland er også Hødd sin toppscorar i serien (ni mål), sjølv om blåtrøyene har slite meir der. Pål André Helland meiner ein avgjerande styrke ved årets Hødd-lag er at dei ikkje fryktar noko eller nokon.
- Om det så skulle vere Ashley Cole (Chelsea- og England-backen) eg spelar mot på mi side, må eg i mitt hovud vite 100 % sikkert at eg er betre enn han. Dersom eg veit at eg er dårlegare så er utgangspunktet stusseleg. Kanskje er det litt av fordelen vår, at vi er unge og dumme, flirer kantspelaren.
Ikkje eit einmannsshow
Trass i at Helland har spelt ei svært avgjerande rolle for at Hødd har hamna i cupfinalen presiserer han at det ikkje er snakk om eit éinmannsshow.
- Eg er ein spelartype som er innblanda i mange mål og målgjevande pasningar. Sivert (Heltne Nilsen) til dømes er ikkje så målfarleg, og slår ikkje så mange målgjevande pasningar. Men han er ein viktig motor for laget. Backrekka er med på å stoppe spelet og setje det i gang igjen, slik vi kan angripe. Vegard (Heltne) på motsett kant er kanskje ikkje den som tek flest sjansar, men han er ein trygg lagspelar. Erik er som meg ein kreativ spelartype som også scorar ein del mål. Til saman har vi spelarmateriale som fyller ut kvarandre, forklarer toppscoraren.
Eit vellukka opphald
Kjell Rune Sellin kom til Hødd på lån frå Aalesund like før overgangsvindauget stengte 1. september. Han har scora tre seriemål, eitt cupmål og stått for nokre viktige målgjevande pasningar. På spørsmål om opphaldet har vore ein suksess så langt vil Sellin helst snakke om laget.
- Det viktigaste med leigeopphaldet var at Hødd skulle berge plassen, og det nest viktigaste å komme til cupfinalen. Begge måla er nådde, så eg er godt nøgd med opphaldet.
- Det har vel også vore viktig å få fart på din eigen karriere igjen?
- Eg har fått mykje tillit og er godt nøgd med Hødd-opphaldet, smiler Sellin.
Ein av to trønderar i Hødd som må ha dagen om det skal bli cupgull søndag. Sellin vart også norgesmeister med Aalesund i fjor, men kom aldri på bana i finalen.
Les også:
* Aursnes er sjuk* Skal stoppe toppscoraren* Tidenes satsing av Vikebladet Vestposten* Scheie er klar* Bilete av Hødd-spelarane før i tida* Må gjere som Marion* Ladar opp heime* Mannen for dei store kampane