Brasil mot Mexico. Seleção mot Los Tricolores. Det nærmar seg avspark i Brasil, men i Ulsteinvik er det også brasilianarar som følgjer med på verdsmeisterskapen i fotball.

Litt over 20 fotballgalne brasilianarar, som no bur i Noreg, er samla ved Kaffebaren i Ulsteinvik sentrum for å følgje det latin-amerikanske oppgjeret. Forventningane før kampen er så klare som dei kunne bli.

- Vi er spente, ivrige og galne - som alltid. For dette er ein stor kamp, men dette skal vi vinne, seier ein fast bestemt Aurea Gustavson.

Sosialt

Det er noko spesielt med kombinasjonen Brasil og fotball.

Når ein då ikkje bur i årets VM-nasjon kan det ha ein samlande effekt av å støtte nasjonen, som riktig nok er over 900 mil unna.

- Fotball bringer oss saman. Vi er jo frå Brasil alle saman og vi likar å samle oss for å ha det sosialt i lag, forklarar Angélica Andrade.

Motstand

Det har vore kraftig motstand i Brasil om at nasjonen skulle arrangere fotball-VM i år. Sidan Angelica og dei andre frammøtte no bur i Noreg, har ho eit distansert forhold til dette, sjølv om ho veldig godt forstår reaksjonane.

- Etter mi meining er det ei feilprioritering å arrangere eit VM slik situasjonen i Brasil er no. Det er mykje som burde ha blitt rydda opp i først, seier Angélica, før Aurea like etter legg til:

- Men no som det er gjort så må vi berre feire det og nyte meisterskapen. Dette får truleg ikkje oppleve ein gong til.

Angélica nikkar, og begge går og set seg innst i sofakroken - for avspark på Estádio Castelão er like rundt hjørnet.

Jubel

Avsparket blir tatt, og nervane snik seg inn på dei aller fleste som har tatt turen.

Klokka viser at dryge ti minutt er spelt, og spissen Fred set ballen i bål. Stemninga går i taket, men jubelen stilnar fort då det viser seg at scoringa blir annullert.

Den første omgangen er halvspelt, og desibelnivået stig endå ein gong. Denne gongen er det superstjerna Neymar som er nære å score, men Guillermo Ochoa i Mexico-målet får redda denne gongen også.

Ingen av laga greier å overliste kvarandre sin keeper i den første omgangen, og laga går mållause av banen til pause.

Skuffelse

- Uff, Joakim, dette her er eg ikkje nøgd med, seier Angélica oppgidd.

- Det har vore ein vanskeleg kamp så langt. Vi var nære å score 2-3 gonger, men at vi ikkje leiar enno er skuffande, legg ho til.

Men både Angélica og Aurea trur Brasil klarer å finne vegen forbi ein elles umuleg Ochoa etter kvilen.

- Vi vinn 1-0 etter pause. Neymar kjem til å score. Det er han som har vore nærmast så langt og det er han vi må stole på no, seier Aurea klar i talen.

Idol

Og at det er Neymar som blir trekt fram som den mest sannsynlege matchvinnaren, er heller ikkje heilt tilfeldig. For han har ei høg stjerne i fotballnasjonen.

- Han er nesten akkurat som Pelé. Han ønskjer å vinne, og han blir supermotivert når han spelar kampar.

- Folk ser opp til han og han likar også at folk heiar på han, forklarar dei to damene samrøysta.

Håpefull

Laga er klare igjen, Brasil går ut for å vinne den andre omgangen. Omgener er ikkje meir enn to minutt gamal, og dei gulkledde er nære igjen.

Sjansen endar ikkje i mål, og eit fortvila sukk fyller rommet.

Vertsnasjonen spelar seg på nytt fram til ein stor sjanse. Og ein til. Og endå ein. Men det vil seg ikkje.

Ochoa har dagen.

Det endar mållaust, i Brasils andre gruppespelkamp, på heimebane.

Ikkje tap

- Dette var veldig skuffande. Det var dårleg samarbeid av laget, men i det minste så tapte ikkje vi, prøver Angélica å seie optimistisk.

- Uheldigvis var keeperen til Mexico god, og heldig. Men vi går vidare likevel, slår både Angélica og Aurea fast.

Men det store spørsmålet er framleis: går Brasil heilt til topps?

- Nei. Eller, det er vanskeleg å seie. Kanskje, seier ein noko tvilande Angélica, som innrømmer at ho er litt for sur til å spå meisterskapsgull til The Seleção akkurat no.