HØDDVOLL: Joakim Wrele kom til Hødd like før sesongstart på ein låneavtale frå svenske Halmstad som gjeld fram til 15. juli.

Sportssjef André Nevstad fortel at Hødd no er i ein positiv dialog med Halmstad om ein permanent overgang.

- I denne saka kan det skje noko kjapt, seier Nevstad til Vikebladet Vestposten.

- Kjem de til å hente nye spelarar i sommar?

- I utgangspunktet er vi nøgde med dei som er her og håper å få flest mogleg av dei skadefrie. Men ein skal aldri seie aldri i fotball, svarer André Nevstad.

Les også:

* Kontrakt til Kleppe