- Vi visste det ville bli tøft når vi såg laget dei stilte med. Vi var likevel uredde og storma i angrep frå fyrste stund, og vi speler totalt sett ein god kamp, sa banens beste for Hødd 2, kaptein og playmaker Henrik Grimstad.

Hødd gjekk hardt ut, og etter knappe minuttet prøvde Robin Hjelmeseth seg frå åtte meter, men makta diverre ikkje å setje ballen i mål. Keeper Leif Lysne hadde god kontroll på skotet. Etter ni minutt sendte Martin Mork Breivik i veg eit skot frå 20 meter, men nok ein gong hamna ballen i klypene på Sogndal-keeperen. Frå rundt halvtimen tok Sogndal meir over initiativet i kampen, og pressa Hødd bakover. Trass i Sogndal-dominans var det Hødd som skulle kome til å setje fyrste ballen i nota.

Toppscoraren i 3. divisjon, Robin Hjelmeseth, viste stor målteft også i denne kampen. Hjelmeseth jobba seg fram til mål, og fyrte i veg frå skrå vinkel. Skotet vart hardt nok til at keeper ikkje fekk slått det ut igjen, og ballen segla flott inn bak han. Det stod dermed 1-0 til Hødd. Stillinga skulle derimot ikkje stå seg ut omgangen. Berre eitt minutt før pause utnytta Kenneth Skjerpen litt slett forsvarsspel hos heimelaget, og kunne banke ballen i mål frå fem meter til 1-1.

Sogndal trakk lengste strået

Gjestane trykte på frå starten på andre omgang, og kom til fleire kvalifiserte avslutningar. Hødd kom likevel til dei farlegaste sjansane, mellom anna ved driblesterke Sondre Beite. Beite kom åleine med keeper etter 51 minutt, men avslutninga enda i armane på keeper. Robin Hjelmeseth og Henrik Grimstad fulgte opp med skot frå høvesvis 20 og 25 meter, men også desse hadde keeper god kontroll på.

Så skulle det bli meir jubel i Sogndal-leiren. Truls Hovland, som gjekk til Sogndal frå divisjonskollega av både Sogndal 2 og Hødd 2, Årdal, avanserte langs venstrekanten. Han sprang frå midtbana og nesten ned til dørlina ved Hødd-målet, der han elegant dytta ballen mellom beina på Ole Monrad Alme og i mål til 1-2. Etter 57 minutt utnytta Sogndal-spissen Tim Nilsen ei forferdeleg feilpasning frå Sondre Beite på midtbana, tok med seg ballen mot Hødd-målet, og banka den kontant i nettaket. Etter dette levde Hødd farleg ved fleire høve. Likevel var det Hødd som arbeidde seg fram til ei redusering. Robin Hjelmeseth banka inn sitt 13 mål for sesongen, noko som plasserer han eine og åleine på toppen av toppscorarlista for 3. divisjon avdeling 8. Hødd leverte ein ganske bra kamp mot Sogndal, men gjestane vann nok fortent til slutt.

Nøgd Hødd-trenar

Kenneth Moldskred var i godt humør etter kampen, og meiner laget hans presterte godt mot Sogndal 2.

- Vi speler ein god kamp. Vi tør, sjølv om det er eit svært solid lag vi møter. Det er både spanande og lærerikt for våre spelarar å få møte spelarar med erfaring frå eliteserien. Dette skal vi ta med oss som ei positiv erfaring, sjølv om vi gjer nokre enkle feil, seier Moldskred.

Kampfakta:

3.divisjon menn avd. 8Hødd 2 - Sogndal 2 2-3 (1-1)Bane: Høddvoll kunstgrasTilskodarar: 20Mål: 1-0 Robin Hjelmeseth (34), 1-1 Kenneth Skjerven (44), 1-2 Truls Hovland (54), 1-3 Tim Nilsen (58), 2-3 Robin Hjelmeseth (85)Dommar: Kristian Melset - Sykkylven IL - 6Hødd: Ole Monrad Alme - Audun Kåre Øvrelid, Alexander Eksund, Torvald Ringstad, Eirik Sundgot Kristiansen - Henrik Grimstad, Bendik Rise (Håvard H. Strand 88), Martin Mork Breivik - Sondre Sandnes Beite, Robin Hjelmeseth, Franjo Tepuric.

*** Henrik Grimstad** Sondre Sandnes Beite* Robin Hjelmeseth

Bileteserie frå kampen kan du sjå her på vikebladet.no tysdag morgon.