Ole Amund Sveen gjord nok ein god kamp i Hødd-drakta når Hødd tok med seg ein overbevisande 4-0 siger frå ei tøff bortebane i Kristiansund. Heimelaget har kjempa om opprykk, og ligg framleis godt an i kampen om ein av kvalikkplassane, men det var laget frå Ulsteinvik som var mest på.

- Vi er strålande frå start til slutt, har ballen mest og vi spelar god fotball. Så får vi eit fortent mål rett før pause, og dei får ein spelar utvist i pausen. Det gjer det sjølvsagt lettare for oss.

Du er involvert i situasjonen der Coly blir utvist, kva er det som skjer?

- Han blir veldig irritert på Fredrik (Aursnes) etter eit innkast nokre minutt før. På veg inn til pause så er han fryktelig sint og skjeller ut Fredrik. Eg går i mellom og då blir han endå sintare, og går i ansiktet på meg, fortel Sveen, som fekk seg eit slag i ansiktet før KBK-spelaren fekk marsjordre.

Coly var heit i heile den første omgangen, og hadde fleire taklingar som såg ut til å vere over grensa.

- Den første taklinga var nok kanskje også raudt, når han går inn med begge beina opp i lufta, men Bendik held seg på beina.

Er i bra form

Sveen hadde ein flott assist på det andre målet til Robin Shroot.

- Han er ekstremt viktig for oss. Alt han tar i blir mål. Han er sinnsjukt viktig for laget, slår Sveen fast.

Midtbanespelaren var også nøgd med eigen innsats, og håpar han og laget kan ta med seg den gode forma inn mot siste kamp på Høddvoll.

- Eg synest det har gått bra dei siste 3-4 kampane og føler at eg er i bra form. No må vi berre fortsette på det vi driv med, fortsette å vere gode med ballen og få ei verdig avslutning på Høddvoll. Og så kjem vi endå sterkare igjen til neste sesong.