– Det har jo gått nesten 15 månadar uten at eg har spelt ein heli fotballkamp. Det har vore utruleg tøft, men eg har hatt noko å sjå fram til med tanke på Brian som er komen, forteller Erik Sandal.

Ved juletider 2013 brakk Erik eit bein i høgrefoten. Vegen tilbake har vore lang og tung, men endeleg er han tilbake og spelar kampar igjen.

– Det er ei ubeskriveleg kjensle å få kjenne litt på det igjen. Det har vore sakna.

Les også: - Eit veldig spesielt år

Ulsteinviking - i med og motgang er ein serie om Hødd i seks delar. Der følgjer ein spelarar, trenarar, frivillige og supportarar i tida før seriestart 2015.  Det er Ane Mørk, Siri Husby Fiskum, Gunhild Kjeilen Kallvig og Silje Steinnes Bjerknes frå Høgskulen i Volda som står bak serien.

Les meir om Erik Sandal på Nernett.

Sjå første episode: - Hødd er ein livsstil

Sjå andre episode: – Når jobben din er å spele fotball så er det alt du har lyst til

Sjå tredje episode: - Eg har spelt fotball sidan eg kunne gå

Vikebladet.no blir det presentert ei episode frå serien kvar dag inn mot seriestart.

Siri Husby Fiskum, Silje Steinnes Bjerknes, Ane Mørk og Gunhild Kjeilen Kallvig frå Høgskulen i Volda står bak nettserien "Ulsteinviking - I med og motgang".