Sunnmørslaget Lokomotiv Oslo, med fleire spelarar frå våre trakter fekk storfint besøk i 1. runde i cupen.
Tysdag fekk Lokomotiv Oslo med trenar Arthur Bakke Garnes, og spelarar som Torgeir Skeide og Emil Viddal som begge har vore innom Hødd, Vålerenga som motstandar på Frogner Stadion i Oslo.
3.-divisjonslaget har blitt leia av Arthur Garnes dei siste ti åra, og har teke vegen heilt frå 8.-divisjon og opp til 3. der laget spelar no.
Som kaptein på Hødd sitt juniorlag var Torgeir Skeide med på å slå ut Vålerenga i G19-NM i 2008. Denne gongen blei det derimot verre for Skeide og Lokomotiv Oslo.
Som venta var Tippeligalaget nokre nummer for store for Lokomotiv Oslo.
Allereie etter 8 minutt sendte Sander Berge VIF i leiinga, og før pause hadde Moussa Nije sikra seg hattrick, medan Herman Stengel og Elías Nár Ómarsson scora kvart sitt, slik at stillinga var 0-6.
Etter pause vart det ikkje like mange baklengs for Lokomotiv Oslo, men dei kom heller ikkje mykje nærare, og etter 90 minutt vann Vålerenga med 0-8.
For «sunnmørsklubben» i Oslo var nok likevel bilettinntektene frå kampen eit solid plaster på såret, med godt over 1000 betalande tilskodarar.