Norges største friidrettsstalent har bytta ut treningar i Ulsteinhallen og på løpebana rundt gamle Høddvoll med dekket i gangane rundt Bislett Stadion i Oslo. Det kom fram i ein reportasje under NRK sine nyheitssendingar onsdag.

To sølv i junior-EM, eitt på 400 meter og eitt på tikamp i Sverige i sommar gjorde at Karsten blei nøydd til å gjere eit val som får konsekvensar for åra framover som friidrettsutøvar. Enkeltøvingar, og kanskje berre ein av dei, eller tikamp. Det har vore eit nok så greitt val for utøvaren som på europastatistiken for juniorar er topp fire i fem øvingar og topp 18 i heile åtte øvingar.

– Eg har funne ut at eg har det mest moro med å trene mangekamp. For meg er det å ha det gøy og trivst med treninga det som kan drive meg vidare og gje meg motivasjon i framtida. I tillegg er eg redd for at alvoret med berre å ha ei øving ville ha knekt meg. Eg trur det å ha ti forskjellige kort å spele på er ein fordel, seier Warholm i intervjuet med NRK.