Både for Hareid-damene og før Hødd sine to damelag blir det nokre avgjerande dagar frå tysdag til torsdag. No skal det nemleg avgjerast kven som blir avdelingsvinnarar og tek KM-tittelen i 4.-divisjon, samt om Hødd sikrar seg opprykkskvalifisering i si 3.-divisjonsavdeling.

Det heile startar på Hareid tysdag, der Hareid-damene tek imot FK Sykkylven/Stranda heime på Hareid. Med siger har Hareid avdelingssigeren i eigne hender før siste serierunde.

Onsdag spelar Hødd sitt 3.-divisjonslag sin siste seriekamp denne sesongen, men med rett resultat vil dei sikre seg opprykkskvalifisering. Den går over to kampar og motstandar blir Surnadal /Søya/Todalen. Men Hødd skal helst sikre seg tre poeng borte mot Brattvåg for å sikre plass i kvalifiseringa. Eitt poeng kan også vere nok for Hødd, så sant ikkje Ravn slår til med ein skikkeleg braksiger mot HaNo, men poeng bør Hødd uansett ha.

Torsdag skal den svært spanande duellen mellom Hødd og Hareid i 4.-divisjon kvinner avgjerast. Desse to laga har vore i toppen av avdelinga heile sesongen. Den siste tida har dei blåkvite gitt frå seg initiativet, og det er Hareid som har beste utgangspunktet, så sant dei tek seg av FK Sykkylven/Stranda tysdag kveld. Hareid avsluttar borte mot MSIL/Emblem, medan Hødd skal avslutte borte mot Bergsøy.

Hareid jubla: Her er Hareid like etter at dei sikra seg poengdeling mot Hødd rekrutt på Høddvoll. Foto: Hareid IL Fotball.