Første omgang

Berre etter knappe minuttet blei Ole-Monrad Alme sett på prøve. Kristoffer Hoven bankan til frå distanse, men heldigvis gjekk ballen i tverrliggaren og ut.

Sju minutt inn i kampen fekk Torbjørn Kallevåg avslutta på mål frå inne i feltet, etter eit fint innlegg frå Eirik Saunes som Robin Hjelmeseth la klar til han. Diverre gjekk ballen til sida for mål.

Hødd og Hønefoss opna kampen nok så jamt, men også noko forsiktig. Det er ei veldig våt kunstgrasbane laga speler på, og fleire av spelarane verka å vere litt forsiktige på den glatte overflata.

Etter 28 minutt blei det endeleg jubel på Høddvoll, etter ein nok så keisam kamp så langt. På eit hjørnespark frå Bendik Rise raga Eirik Haugan over alle andre i feltet, og stanga ballen mot mål. Der stod Badr Rahhaoui og fekk siste touch på ballen før den gjekk i mål. *

Då det byrja å nærme seg førti minutt på Høddvoll prøvde Torbjørn Kallevåg å plassere ballen i lengste frå skrå vinkel, men den gjekk like utanfor.

To minutt etter hadde Kallevåg ein større sjanse til å setje sitt kanskje siste mål for Hødd. Robin Hjelmeseth spelte seg flott fram, og la uselvisk over mot Kallevåg, som kom springande i stor fart. Diverre gjekk forsøket rett på keeper, som fekk dytta den vekk. Til pause stod det 1-0 i favør Hødd på Høddvoll.

Andre omgang

Begge lag vandra ut på bana til andre omgang, vel vitande om at kampen framleis var ganske open. Etter 53 minutts spel fekk Hønefoss-stoppar Marko Jankovic alle tiders sjanse til å utlikne for Hønefoss. Frå inne i feltet skaut han over mål etter eit hjørnespark for kvittrøyene.

Hødd heldt bra unna på forsøka frå Hønefoss, men skapte ikkje all verden sjølve fram til 60 spelte minutt.

Etter 64 minutt kom Hødd sin første store sjanse i omgangen, då Bendik Rise fekk skyte frå distanse. Keeper fekk akkurat dytta det knallharde skotet over tverrliggaren.

Etter 75 minutt var det klart for eit nytt kapittel i Hødd-historia. Ut gjekk Andreas Breimyr, og inn kom 16 år gamle Isak Skotheim. Sonen til Hødd-legenda André Skotheim. Den første 2001-modellen med debut for Hødd sitt A-lag.

Etter 77 minutt fekk Kenneth Diallo sjansen til å utlikne for Hønefoss, men han skaut i nettet på sida av målet.

Mot full tid var det ikkje så mykje meir å spore av målsjansar.

Kampen enda med 1-0 og tre poeng til Hødd.

* Det viste seg at det var Rahhaoui, og ikkje Haugan, som var sist på ballen på scoringa til Hødd. Dommarane endra også sin informasjon etter kampslutt.

Slik stiller Hødd mot Hønefoss:

Hødd (3-5-2): Ole-Monrad Alme - Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu - Daniel Eid, Torbjørn Kallevåg, Andreas Breimyr, Eirik Saunes, Bendik Rise - Badr Rahhaoui, Robin Hjelmeseth

Innbyte: Sivert Pieroth, Jesper Törnqvist, Preben Sætre, Robin Shroot, Magnus Myklebust, Bendik Torset, Isak Skotheim

Før kampen

Hødd tek laurdag ettermiddag imot Hønefoss. Laget frå AKA Arena vann det første møtet mellom laga i år, men har berre vunne ein bortekamp denne sesongen.

Hønefoss kjem likevel frå ein sterk 5-0 siger over Fana, medan Hødd berre fekk med seg uavgjort borte mot Byåsen.