Både Hareid og Hødd 2 spelar 4.-divisjon i 2017, og no har Sunnmøre fotballkrets lagt fram sitt forslag til speleplan for 2017. Den endelege speleplanen blir spikra på terminlistemøte i januar.

Men på SFK sin plan er første serierunde sett til 21. april. Det er ei veke seinare enn i 2016. Siste runde før ferien skal spelast 30. juni, før laga byrjar på att 11. august. Siste serierunde er planlagt i veke 42 på 20. oktober.

Lokaloppgjer 19. mai

Hareid er sett opp med heimekamp i første serierunde, då Langevåg skal vere motstandar på Hareidsmyrane. Deretter ventar bortekamp mot Emblem før FK Sykkylven er sesongens andre heimekamp.

Deretter ventar to Søre-oppgjer for Hareid. Først borte mot Larsnes/Gursken, før Hødd 2 er motstandar på Hareid i ein kamp som førebels er sett opp 19. mai. Hødd 2 startar mot eitt av dei andre nedrykkslaga frå 3.-divisjon, og møter Bergsøy borte i serieopninga. Første heimekampen for Hødd-rekruttane er mot Godøy veka seinare.