Hødd og Jerv har berre to offisielle kampar mot kvarandre i historia, begge denne sesongen. Sundag er det klart for den tredje, i første runde av kvalifiseringa til Tippeligaen.

Til no er det Hødd som har hatt mest å juble for etter fire poeng og null baklengsmål etter to kampar mot laget frå Grimstad, men det er liten tvil om at Jerv, med trenar Steinar Pedersen, har levert årets prestasjon i Obos-ligaen. Laget rykte opp frå 2.-divisjon før sesongen, og sikra 5.-plass i 1.-divisjon etter scoring på overtid i siste serierunde mot Follo. Faktisk er Jerv i ein posisjon der laget kan rykke opp for tredje sesong på rad. Så seint som i 2013 spelte nemleg Jerv i 3.-divisjon.

Fortente kvalikplassen

Medan sundagens bortelag måtte vente til godt inn i overtida for å sikre plass i kvalifiseringa, avgjorde Hødd i normaltid mot Brann i Bergen, men snuoperasjonen sikra at laget går til kvalifiseringa med ei svært god kjensle.

– Det kunne gått ... Eg torer ikkje heilt å tenkje på korleis det kunne ha gått, men vi greidde kvalifisering og eg synest vi har fortent det etter å ha vore der oppe heile sesongen. Det blir også noko ekstra sidan vi får heimebane og det trykket det gir oss, spesielt etter det som skjedde i Bergen, der vi hadde så mange som kom og støtta oss, fortel Ole Amund Sveen.

No håpar han at Hødd skal kunne trekke eit solid publikum til nye Høddvoll sundag, og at støtta kan vere med på å sende Hødd til neste hinder i kvalifiseringa.

– Jerv klingar kanskje ikkje like bra som Brann, men kvalifisering burde klinge bra, smiler Sveen.

Betyr det noko at de har teke fire poeng mot Jerv tidlegare denne sesongen?

– Det er fint å ha ei god kjensle frå sist vi møtte dei, at vi veit kva som fungerte då. Jerv er eit godt lag, og eit veldig gjerrig lag med mykje gode fotballspelarar. Eg trur likevel vi veit korleis vi kan ta dei, og dei er nok litt seinare enn oss, medan vi kan vere hurtigare i vårt spel om vi får til det vi prøvar på.

Sveen seier at kjensla i laget, spesielt etter sigeren i Bergen, er at alt er mogleg for Hødd.

– Dette er ein slik kamp som vi skal ta. Vi har sjølvtillit og vi skal tore å by på oss sjølv, fortel han.

Altmoglegmann

Ole Amund Sveen har i hovudsak fungert som indreløpar i sine to sesongar i Hødd, men utover hausten har han også figurert som høgreback, og dei siste kampane som høgreving.

– Eg må berre gjere det eg får beskjed om, ler Sveen før han legg til:

– Eg har stor respekt for Sindre Eid og det laget han tek ut, men eg likar meg aller best på indreløpar. Det er der eg har scora mest mål, og synest eg gjorde det bra der i vårsesongen.

Med si fart og store løpskapasitet kan Sveen likevel bli eit angrepsvåpen ute på høgresida også mot Jerv.

– Dei er gode på dødballar og står godt i balanse, men vi må ta kontringane når vi får sjansen og så må vi stole på vårt eige spel. Vi er vel eitt av laga som scorar mest i etablert spel og det må vi utnytte, seier Sveen.

Må få ut kvaliteten i laget

Sindre Eid kunne juble for siger og 4.-plass i Bergen sist helg, og fortel at laget har teke med seg mykje positivitet inn i treningsveka framom kvalifiseringskampen mot Jerv.

– Vi møter eit lag som gir frå seg lite og er godt organiserte, men vi er i god form og har hatt ei fantastisk trening torsdag. Det handlar om å få ned skuldrene og få ut kvaliteten som er i spelargruppa. Få den rette energien, så skal Jerv få ein tøff kamp her på sundag.

Som Ole Amund Sveen håpar Eid at nye Høddvoll blir fylt godt opp til kampen mot Jerv.

– Ja, eg håpar vi får solid støtte og at publikum kjem og støttar gutane i 90 minutt, for vi skal gjere alt vi kan for å gå vidare frå denne kampen. Eid har ein stort sett skadefri tropp før møtet med Jerv, men må klare seg utan Vegard Heltne som måtte gå av banen borte mot Brann.

Kampstart i kvalifiseringskampen mellom Hødd og Jerv er 15.00. Vi følgjer kvart sprak på ballen direkte frå Høddvoll.

<strong>Under flaumlysa:</strong> Hødd-spelarane i aksjon under torsdagstreninga på nye Høddvoll. Laget gjer dei siste førebuingane før kvalifiseringskampen mot Jerv laurdag, før Hødd sundag har moglegheita til å ta seg forbi første hinder og sikre seg kamp mot vinnaren av Kristiansund - Ranheim.