For nesten ti år sidan gjekk brørne Andreas og Oddbjørn Lie til AaFK frå moderklubben Herd.
I dag har tvillingbrørne snart blitt 26 år gamle, og har vore innom ulike klubbar i både eliteserien og i adeccoligaen.
Andreas var innom Hødd ei kort periode, på lån, sommaren 2005. Etter det stod han for AaFK fram til 2010-sesongen, då han gjekk til eliteseriekollega Odd. Der fekk han 10 seriekampar i løpet av dei to åra han var i klubben. Før årets sesong gjekk han tilbake til AaFK, og vart deretter lån ut til Hødd ut denne sesongen.
Oddbjørn kom først til Hødd i 2006 og var Hødd-spelar fram til 2010. Då gjekk vegen vidare til HamKam, som er hans noverande klubb.
2-0 i kampar
Dei to ålesundsgutane har møtt kvarandre to gongar tidlegare, og enn så lenge er det Andreas som leiar statistikken.
Då Hødd møtte AaFK i 3. NM-runde i 2008 var brørne på kvart sitt lag. Andreas' lag frå Ålesund stakk då av med sigeren etter ei skåring på overtid av Tor Hogne Aarøy.
Tidlegare denne sesongen var det duka for oppgjer nummer to då HamKam gjesta Høddvoll. Også då var det Andreas som trakk det lengste strået, med ein 2-1-siger. Sisteskansen håpar at den statistikken vert endå betre på søndag.
- Eg får håpe det. Dei har ein fordel av å ha heimebane og er nok favorittar, menvi har vist at vi kan slå nedanfrå og opp tidlegare, varslar Hødd-keeperen.
Revansjesugen
Oddbjørn derimot er sugen på å revansjere tapet tidlegare i år.
- Det er aldri kjekt å tape. Så eg håpar at heile HamKam er motiverte for å revansjere tapet på Høddvoll, svarar HamKam-kapteinen.
Verken HamKam eller Hødd har vunne mange kampar i det siste, noko som betyr at begge laga snart må finne forma om dei skal henge med i toppen. Oddbjørn trur derimot ikkje at dette vil vere ein nøkkelkamp.
- Det er for tidleg å snakke om avgjerande kampar allereie no, så eg trur ikkje utfallet av kampen på søndag vil vere utslagsgivande for nokon av laga, avviser han.
Trur på siger
Neste år returnerer både Oddbjørn og Andreas til AaFK. Det er noko begge ser fram til, ettersom dei unna kvarandre det beste.
Men på søndag trur Oddbjørn på siger for laget sitt.
- Eg tippar det vert 2-1 til HamKam, seier han.
- Vi skal vere nøgde med poeng, så eg trur stillinga vert 0-0, tippar Andreas.
Kampen kan du følgje direkte på vikebladet.no frå klokka 18.00