Måndag spelte Hareid 1-1 borte mot Valder i 4.-divisjon. Målscorar for Hareid var 1999-modellen Simon Holstad Grimstad, som spelar på dispensasjon.

Han spelte sin første seriekamp frå start for a-laget. Simon er barnebarnet til lagets hovudtrenar Hans Gisle Holstad.

Einar Orten Trovåg, som både er journalist i Vikebladet Vestposten og med i støtteapparatet til Hareid, snakka med både Simon og Hans Gisle på snøggbåten heim frå Valderøya.

Sjå videointervjua øvst i saka og i høgremargen.