Dei er der under den offisielle opninga av Nye Hareid stadion fredag - Audun Garshol og Trine Pilskog. Foto: Anne Gry Eilertsen

Nye Hareid stadion, med seks løpebaner, to lengdehopp-groper og kastområde, er kostnadsrekna til 6,8 millionar kroner. Opninga skjer fredag ettermiddag, og opptakta blir gjort i Hareid sentrum.

TRE KORPS OG IDRETTSLAGA

Både Bigset skulekorps, Hareid skulekorps og Hjørungavåg skulekorps skal spele i sentrum. Etter nokre nummer dannar dei tog i retning mot Hareid stadion.

Kultursjef Oddbjørn Grimstad opplyser at idrettslaga i Brandal, Hjørungavåg og Hareid er inviterte til å vere med i toget. Det same er veteranane.

VIKTIG Å KLE SEG GODT

Komne fram til stadion blir det offisiell opning med OL-deltakarane Trine Pilskog og Audun Garshol til stades. Friidrettsgruppa i Hareid IL skal deretter gjennomføre ein stafett, som markerer at løpebana er tatt i bruk.

– Vi håper sjølvsagt på opplett vêr, men eg oppmodar folk om å kle seg godt, seier Oddbjørn Grimstad.

Hareid kommune står som eigar av stadion, men friidrettsgruppa i Hareid IL har stått for mykje dugnadsarbeid og også skaffa ein del sponsorar. Friidrettsgruppa er både forholdsvis stor og aktiv, men dårlege tekniske forhold gjer at dei ikkje har kunna arrangere baneløp på fleire år. No håper dei på ein ny giv med ny bane.

FRIIDRETTSGRUPPA STIFTA I 1965

Audun Garshol, OL-deltakar på 100-meter i München i 1972, var med på sitt første stemne i 1964. Det var også Ingolf Håkon Teigene og Arild Grimstad. Men dei måtte stille for Hjørungavåg Idrettslag, for Hareid hadde ikkje friidrettsgruppe den gongen.

Året etter, i 1965, danna dei friidrettsgruppa til Hareid IL. Trine Pilskog, OL-deltakar på 1500-meter i Athen i 2004, sprang då for Hareid Idrettslag.

– Eg har fått utruleg god støtte av Hareid Idrettslag. Eg er imponert over at den vesle klubben kunne stille slik opp for meg.

No håper ho det nye baneanlegget fører nye generasjonar inn i friidretten.