Ein avgjerande kamp for kvar vegen går vidare i kampen om opprykk vert sendt direkte på web-tv. Det er Tidens Krav i samarbeid med Rosenborg Ballklubb som står for sendinga.

Etter at Hødd slo Kolstad 7-1 på bortebane ligg dei no på førsteplass med 53 poeng, fem poeng meir enn KBK på andreplass. Målskilnaden til Hødd er i ei heilt anna klasse enn resten av avdelinga. Hødd har 43 plussmål, nest beste lag på målskilnad er KBK med 23 plussmål.

Kampen går klokka 16:30 i dag.